søndag 26. oktober 2014

Nye Tollef Sanddal-bilder fram i lyset

Sunnfjord Museum og Fylkesarkivet på skattejakt
Asbjørn Tyssen blar i papirkopiar
Elin Østevik har ein bunke glasnegativplater.


Sanddalen grendalag har arva deler av fotosamling etter fotograf Tollef Sandal (1886-1977). I ein gjennomgang saman med ekspertar, fann vi 550 bilder. 


Eit fullt langbord var dekka for ekspertisen frå Sunnfjord museum og Fylkeskarkivet då Asbjørn Tyssen og Elin Østevik kom for å undersøke samlinga og gje råd om oppbevaring og formidling. 

Underlege heimelaga treboksar med ledning, brytar og glasplater. Ein koffert breiddfull av små øskjer, posar og etui. Tunge pappøskjer, lette pappøskjer, små og store.

Samleband

Med gummikledde fingrar går dei rutinert igjennom all embalasjen og det som gøymer seg i den. Sender det vidare til Inger Jangård og Øystein Tefre i grendalagsstyret. Dei skriv ned alle funn i ei liste, og merkar alt med tilsvarande nummererte etikettar, slik at vi har ei grovoversikt over innhaldet. I to timar går samlebandet.

Og alt vi finn. Atelierutstyr som ei øskje med kvite pappskjortebryst, hanskar og skjerf. Fakturabok, hundrevis av ubrukte papprammer. Fotoutstyr som fotoapparat, lysmålar og magnesiumpulver. Mørkeromsutstyr som belysningsapparat. Kopiar av menneske, landskap og situasjonar. Over 500 unike fotografi, der størsteparten er negativ på glasplater. Dette utgjer nesten halvparten av dei negativa museet og fylkesarkivet kjenner til frå før.

Digital framtid

Grendalaget vil få mogelegheita til å lagre bilda forskriftsmessig hjå Fylkesarkivet. Digitalisering vil også kunne bli mogeleg ved deira hjelp. Også museet er interessert i å hjelpe oss med til dømes formidling. Grendalaget er svært takksame for hjelpa til å grovregistrere samlinga.

Styret skal samlast og finne ut kva vi trur er best for samlinga på lang sikt, og korleis vi kan få delt denne "skatten" med bygdefolket på ein kvalitativt god måte for ettertida. Bilda er ikkje noko verdt om dei ligg i ei krå og blasnar - dei må digitaliserast for å nå ut til folk. Dei er heller ikkje særleg mykje verdt om vi ikkje veit kva som er på dei. Det kan bli eit dugnadsprosjekt alle i grenda kan delta på - når den tid kjem.

Arv etter dotter

Samlinga var eigd av Eva Flaten, dotter til Tollef Sandal. Etter at ho døydde, vart samlinga overlevert Grendalaget. Sidan han var bygda sin eigen fotograf, blir det vårt mål å sikre at samlinga kjem alle til gode på ein trygg og god måte.

Grendalaget blir glad for all informasjon om Tollef Sandal og fotogjerningen hans.










onsdag 2. april 2014

Engasjert årsmøte

Matøkt med betasuppe levert av Jostein Berg
Årsmøtet vart arrangert i grendahuset med nesten halvparten av innbyggarane.


Vegarbeid for Grendalaget i 2014

Statens vegvesen har svart oss på vegutfordringane ved bygging av ny Europeveg på nordsida. Det blir synfaring over sommaren. Fylkeskommunen har svart at det ikkje er lagt inn midlar i regional transportplan for vegen langs sørsida. Kommunen har svart at det kan vere trafikktryggingsmidlar å hente til kommunale vegar - og ein ønskjer å delta på synfaring.

tysdag 10. september 2013

Vegarbeidsåret 2013

2013 er året for å vere opptatt av veg for grendalaget. Vi har sendt brev til Statens vegvesen for å få levelege forhold under bygging av E39 på Nordsida, vi har bedt Fylkeskommunen utbetre vegen, slik at den kan vere eit reellt alternativ som beredskapsveg, og vi har skrive brev til kommunen og peikt på dei kommunale vegane sin standard.

No går vi inn i ein prøveperiode på ein månad med vegarbeid på E39. Kor mykje trafikk får vi her då? Har du nokon erfaringar å melde, skriv det på vår facebookside,  meld styreleiar og aller helst, ring statens vegvesen på 175 om det vert gale.

Henning A. Hellebust

tysdag 4. mai 2010

Aktivitetskalendar for grendalaget 2011

1. DUGNAD I GRENDAHUSET LAURDAG 14 MAI KL. 11.00
Ta med arbeidslyst, og reidskap du meiner kan kome til nytte. Vi tek mellom anna sikte på å få utført vårklargjering av uteområde, samt vask av golv i grendahuset. Matservering til dugnadsdeltakarane. VEL MØTT! 

2. JONSOKAFTA - GRILLING VED GRENDAHUSET frå kl.18
Det vert stilt varm grill til rådvelde! Alle er velkomne! 

3. JØLSTER MARATON 2011
Gudsteneste ved grendahuset under Jølster Maraton. 
(Dato/klokkeslett vert publisert i brosjyra for Jølster Maraton). 

4. SLÅTTEGRAUT I SEPTEMBER
Dato for hendinga kjem seinare. Påmelding til Per Inge på 977 95 666.

5. JULEVERKSTAD I NOVEMBER
Grendalaget mottek forslag om tid og stad med glede!

6. http://sanddalgrendalag.blogspot.com
Dersom du har materiell du vil dele med andre på denne bloggen, kan du sende det som epost til web-redaktør ingridnorum@hotmail.com. Spre nettadressa til potensielle tomtekjøparar! 

tysdag 12. mai 2009

Påskebilete


Første laurdagen i påska gjekk mange av dei yngre i Sanddalen på ski frå Brendene til Husebakkstøylen.



måndag 1. desember 2008

Lefsebaking i Brendene


Resultatet


Ingrid og Bente smører kling, medan Ingrid N. og Grete ser på


Grete passar på at dei ikkje vert tørre


Bente og Signe kjevler ut lefsene


Ann Elena er vertinne for baking av Jølstralefse og natronkaker. Ho diska opp med suppe og heimelaga saft!

onsdag 5. mars 2008

Tomt seld



Her ser ein kva tomt som er utbygd og kva tomt som er seld

onsdag 4. april 2007

Ledige tomter i Sanddalen


Panoramautsikt frå tomtene: Til venstre Ålhus, i midten Bjørsetfjellet, til høgre den vakre Orkja.
Sanddal grendalag har 3 byggeklare bustadtomter til ein gunstig pris i eit felt på 5 tomter som kan utvidast til 7. Tomtene ligg særs solrikt til om sommaren og har fantastisk utsikt i alle retningar. Tomtene er tilrettelagde med tekniske anlegg som vei, vatn, strøm og telefon. Strøm til gatelys er lagt fram langs vegen. Det er breibandstilgang i Sanddalen. Tomtene er av varierande storleik mellom 900 m2 og 1100 m2. Pris per tomt er kr. 150 000. Ytterlegare informasjon og synfaring får dykk ved å kontakte styreleiar i Sanddal grendalag. Sjå kontaktinformasjon i høgre felt.




Tomtene i midten av biletet sett frå Jølstravatnet.

tysdag 27. mars 2007

Bygda i 2006


Bilete teken i mai frå rasteplassen under Bjørsetfjellet på hi sida av vatnet. I bakgrunnen ser vi Nonsnipa. Ynda turmål sommar som vinter.

Bygda i gamle dagar



Dette biletet har Tollef Sandal (1886-1977) teke. Han var mellom anna fotograf og budde i Sanddalen. Han har òg teke mange utruleg flotte portrett av folk i bygda i si tid. (Fotografiet er i Sunnfjord Museum sitt eige)